mandag 31. august 2009

Samanlikning av vg, berlingske og expressen


Det eg har gjort når eg har samanlikna desse tre avisene er å sjå på likheiter og ulikheiter i desse avisene.

Det som tydeleg kom fram når eg les desse tre forskjellege avisene er at dei alle tar opp dei same emnane. Dei skriv alle tre om sport og politikk. Men ikkje nødvendigvis om akkurat dei same sakane. Men eit sport utdrag både vg og expressen tar opp er Zlatan som skåra i seriedebuten sin. På den berlingske kan eg ikkje sjå noko om Zlatan, men dei skriv allikavel om andre utøvere. Alle tre avisene skriv også noko om svineinfluensa, enten om folk som er smitta eller om folk som har døyd av influensa. Ein annen felles ting eg legg marke til er at vg og den danske avisen skriv om innvandrarar. Sjølv om innholdet i artikklane om innvandrarar ikkje er heilt det same, finn eg likheiter.

Det er ikkje vanskeleg å sjå at me i Norge, Danmark og Sverige er opptekne av dei same tinga som skjer rundt i verda. Me finn derfor mange likhetstrekk mellom alle dei tre avisene.