lørdag 1. mars 2008

Analyse av musikkvideo

Analyse av musikkvideo Bleeding love av Leona Lewis


I denne musikkvideoen er merksemd på ei dame. Det vise klart og tydeleg at videoen handlar om kjærleiksorg. Eg får sjå fleire kjærastepar som avsluttar deira forhold. I musikkvideoen av songen Bleeding Love ser eg at det er jentene som er knust av kjærleiksorg, dei grin og ho eine ser på gamle bildar av ho å kjærasten.

Eg legg godt merke til at det er ein trist song som er prega av mykje kjærleiksorg. Det er spesielt ei som merksemd i denne videoen, og ho syng om hennar følelse etter forholdet blei avslutta. Ho grin og har det ikkje særleg bra.

Musikkvideoen er innleia med at ho dama som er i merksemd står og beveg seg rolig, deretter visar det bildar frå ho som ligg på senga å grin. Ho begynn ikkje å synga før det er vist forskjellige triste augneblikk. Filmen utviklar seg like trist som den starta. Gjennom heile musikkvideoen er det lagt vekt på kjærleiksorg. Eg synes ikkje det er noko spesielle høgdepunkt, eg følar filmen flyt på ganske lik linje heile tida. Inn mot slutten visar det at sorga blir meir intens og det skjer forskjellige ting. Det blir tent på eit papir av ei dame, som eg trur kan vere eit brev ho har fått av kjærasten ein gong. Ei annan dame dykkar onna med hovudet i vann i badekaret. Det nest siste som skjer er at ho dama som er i merksemd ligg nede på golvet i ein gang og syng om kor vondt ho har det. Det heile avsluttar med at det blir filma langt vekke i frå og lys etter lys blir sloket på kvart rom.

Det er brukt mange forskjellige fargar alt etter kva situasjonen er. Når ho dama er i merksemd, som ho er ganske ofte, er det fult lys på ho. Det er også brukt mørke og litt skiftande mørkfargar for å få fram sorga.

Det er filma frå forskjellige vinklar, ovanfrå og ned (fugleperspektiv), nedanfrå og opp (froskeperspektiv), frå sida av og rett fram. Skiftinga av bildane frå èn scene til ein annan heng godt saman med songteksten. Den skiftar mellom ho dama i merksemd og andre kjærleiksorgepisodar. Kameraet varier svært ofte avstanda på korleis det er filma, det er mykje nærbilete, men det er også filma langt ifrå. Ho eine dama er ofte i fokus og da er det for det meste brukt nærbilete.

Denne musikkvideoen har mykje form og bevegelse. Den består av båe rolig bevegelse og meir hissig bevegelse. Når ho dama er sette i fokus er det nesten bare rolige bevegelsar, ho ligg rolig i senga å grin, sitt inntil ein vegg og sytrar, går i rolige bevegelsar og syng om kor vanskeleg ho har det. De få bevegelsane der ho er meir hissig er heilt i starten av musikkvideoen der ho er frustrert etter broddet med kjærasten. Ho ser på gamle bildar og blir forbanna og hiv de utover rommet. De hissigaste bevegelsane kom av ei dame som har funnet ei dametruse. Ho sitt heime å ventar på at kjærasten skal koma heim. Når han kom heim rasar ho frå seg og skrik og hiv trusa rett på han. Ho blir så sur at ho også hiv andre klede på han.

Steda handlinga forgår er i ei blokk med mange bustader. Handlinga vekslar, noe er frå forskjellige rom og noe er frå gangen. Handlingane som er prega av sinnet tar handling på romma. Når ho dama som er i merksemd syng om smertene sine, skjer dette ofte ute i gangen. I begynninga og slutten av musikkvideoen er det filma på utsida av bygget. Det visar at det er mørkt ute, at handlinga skjer om kvelden. Dette er kanskje litt fordi det kan virke meir trist når det er så dyster og mørk stemning.

Det blir spilt ein del på sex i denne musikkvideoen, ho dama som syng har mykje sensuelle bevegelsar, det visar mykje båe når ho ligg på senga og når ho går beveg ho seg utruleg sensuelt.

Denne musikkvideoen kan folk tolka på mange forskjellige måtar. Nokon vil kanskje sei at ho syng om episodar andre kjærastepar har vore gjennom. Det kan også sjå ut som at ho syng om båe ho sjølv og andre som har hatt dei same problema, men som sagt kan denne musikkvideoen kanskje bli tolka på andre måtar enn det og. Eg sittar igjen med eit sterkt inntrykk av at ho syng om andre kjærastepar, men samtidig om sjølvhandlingar.


Musikkvidoen jeg analyserte finner du her.

Ingen kommentarer: